Ein litt tidlig sesong oppsummering

Å oppsummere langrenns sesongen før Birken-lørdagen, er litt for tidlig. Men slik situasjonen med Corona-viruset raskt utvikla seg, var avlysningen av siste del av sesongen det einaste rette. Eg skal prøve å formulere ein oppsummering av det som kan sies å være ein veldig god langrennssesong for Lillehammer Skiklub, så blir blir det litt anna type lesestoff for oss alle!

PS: Heilt nederst finner du bilder

Samling på Voss:

Første skikkelig samling for sesongen er alltid rett etter at skulene har tatt feire, og denne gongen gjekk turen til Voss. Underteiknende skulle endelig få vist fram bygde si for alle juniorane og seniorene i klubben og som alltid vist Voss seg fram frå sin beste side. Sjølv med litt regn;) Me fekk ei god treningsveka, der alle sammen la ned ein solid trenings jobb. Samt at det gav ekstra inspirasjon for mange, med nytt treningsterreng og nye bekjentskap med utøvere frå Voss. Sosialt blei også samlinga eit høgdepunkt, med ein kjempe plass å bu i Voss Ski og Tursenter. Reidun Karlsen sin fantastiske matlaging, toppa ein allerede vellykka samling. Siste kveld på samlinga var det ein meget triveleg pizza kveld heime hos Petter.

Kantentesten:

Kantentesten er etter midt syn noko av det mest klassisk ein langrennsløper gjennomføre på Lillehammer. Denne går frå Eidsiva sin kraftstasjon på oversiden av sentrum og opp til ferista på Kanten Kro. Nytt av året var at ein samla alle utøvere frå 13 år og opp til senior på ein felles test dag. Det blei 54 utøvere som alle gjorde ein kjem innsats, det var flest spørsmål om å kunne springe igjen etter testen var ferdig.

Miljøsamling:

Det å kunne samle heile klubben for å trene og være i lag over ein heile dag er eit meget viktig, for å kunne skap ein størst mogleg tilhørighet i klubben. Etter fleire år uten den tradisjonelle Miljøsamlinga var denne no tilbake. Klubben samla seg på Gaiastova tidlig i november, for skitrening og sosialt samvær. Først økt hadde juniorane og seniorene fått ansvar for å være trenere for dei yngste gruppene. Etter lunsj hadde gruppene frå 11 år og oppover trening med sine respektive trene. Ein veldig flott dag, som me kjem til å gjenta til neste års forvinter.

Den første felles økta på ski

Eg har sett igjennom planen, og ser at den første planlagte skiøkta var 12 november. Tidspunktet var ikkje hovedpoenget men, men den gode stemningen og gleden over det å være på ski igjen. Alle har gleda seg til denne dagen, utøvere har gått på rulleski og løpt siden mai og trenger ny motivasjon. Då er den første økta på ski, sårt etterlengta. Alle dei foreldra som ikkje har smurt ski, får endelig tatt turen i smøreboden sin igjen! Denne økta er aldri særlig god, men det spiller ikkje den store rollen. Ein kjem langt med stemningen og gleden med å være på ski igjen. For det kjem så mange gode økter seinere på vinteren.

Beitosprinten:

Når du er ein del av langrennsmiljøet, er det å komme til Beitostølen den verklige markeringa på at ein i gang med sesongstarten. Beitostølen er meir enn berre sesongs første skirenn, det er stemningen, nervøsiteten, det å sjå alle i langrenns Norge igjen som ein ikkje har sett siden NM del 2 året før. Årets Beitosprint blei spesiell med eit utfordrende nullføre, og ein måtte ta i bruk rubbskiene. Så alle smørene kom ganske raskt ut av sommerdvalen når det blei slike forhold. Eg ser allerede fram til neste år og sette meg i bilen og ta turen til Beitostølen.

Team Veidekke gjengen

I år har våre fire beste senior utøvere vert samla på Team Veidekke Innlandet. Dette sett ut til å fungere veldig godt for Magni, Marthe, Håvard og Martin, som alle sammen har levert veldig sterke resultater. For å nemne noko:

  • Alle sammen har gått verdens cup i løpet av sesongen.
  • Det har vert topp 10 plasseringer på alle sammen i Scandinavisk Cup
  • Håvard og Martin har begge tatt sine første pallplasser i verdenscupen
  • Magni har vert topp 10 i verdenscupen i Davos
  • 2 NM medaljer

Og dette er berre ein liten oppsummering av deira fantastiske sesong.

Arne Rustadstuens Minneløp

Som dei siste år blei Arne Rustadstuens Minneløp i år arrangert i desember. I år med ein ny vri, der ein hadde Swix karusellen for dei aller minste før sjølv kretsrennet starta. Dette førte til eit veldig fint arrangment, som strakk seg frå dei aller minst til rutinerte senior utøvere som brukte de som eit viktig oppkjøring mot resten av sesongen. Dette skal ein gjenta neste år!

NM på ski

Som Beitostølen er dei ulike NM på ski eit verklig samlingspunkt for langrenns Norge. Det som ein sitter igjen med frå årets NM er 2 individuelle NM medaljer. Samt eit meget etterlengta sølv til Vegard Hamnes, Martin Løvstrøm Nyenget og Håvard Solås Taugbøl på stafetten. Dette er for meg sesongens store høgdepunkt, etter å ikkje tatt medalje siden Lygna 2017 gjorde gutta ein kjempejobb og fekk tatt sølvmedaljen i sterk konkurranse med mange sterke lag.

Tirsdager på Birkebeineren Skistadion

På tirsdager nesten alle langrennsløpere trening samtidig, så til tider har det vert kø inn til parkeringsplassene på Birkebeineren Skistadion. Det er ingenting som gleder ein Sportssjef meir enn de, for som målet våret er gje «mange glade skiløpere». Takk til alle som gjer dette mogleg, me kunne aldri klart å aktivers så mange barn og unge uten dei fantastiske personen som gjer dette mogleg.

Mykje triveleg folk

Som ansatt i Lillehammer Skiklub har eg med veldig mykje trivelege folk å gjere. Denne sesongen har ikkje vert eit unntak for de! Det har vert trivelege måltider på ulike plasser på reiser og på samlinger. Det har vert lange dager ute i løypa på sekundering, i triveleg lag med trener kollegaer frå andre klubber og team. Og sist men ikkje minst alle dei vanlige treningsdagen med utøveren, som gjer det å være trenar til å være ein veldig givende jobb.

Takk for ein kjempefin sesong alle sammen! Eg ser fram neste sesong allerede

Petter