Beitosprinten 2019

For alle langrennsløpare er Beitostølen synonymt med ein ting, nemlig sesongstart. Det er i løypene her ein får sine første svar på korleis treningsarbeidet har vert. Årets Beitosprint var ikkje noko anderledes.

I år som i fjor reiste klubbløperane opp søndag i forkant, for å få ei god veka på ski før det heile skulle brake løs. Vegard, Vegard, Andreas og trener Petter annkom søndag, og starta oppheldet med eit testløp før ein sjekka inn på hytta som ein skulle bu på resten av veka. Dei tre gutane la ned ein god dose trening fram mot renn helga. Og tida blei brukt godt til teknikk terping og langkjøringsøkter på god skiforhold.Det blei til og med tid til trening for trener Petter.

   

Når torsdagen komme på Beitstølen drar det seg til, då er alle komme på plass og det er klart for skirenn. Det er også tid for siste økt før renna, og gjengen fekk kjørt ein god siste økt. Denne dagen var også Team Veidekke Innlandet løparane til skiklubben på plass, med resten av sitt team. Smørerane Ståle og Henning og trener Espen var også alle på plass i løpet av dagen. I tillegg var me heldig å ha med oss Mikko Kokslien frå OLT Innlandet gjennom OLT programmet Trenerløftet. Han var med for å følge opp Petter, og gje gode råd inn mot konkuransene.

 

Det er vanleg vis relativet hektisk i smøreområdet og testområde på sesongens første skirenn, men når det er klassisk og i tillegg nullføre er det ikkje mindre hektisk. Etter god jobb av gutta i bua og ein iherdig test jobb ble det rubb ski på dei tre skiklubb gutta.. Dette er ski utan smurning, men ein river opp sålen med sandpapir for å få feste. Det var fleire gode gjennomføringar, men til slutt var det berre Magni Smedås og Håvard Solås Taugbøl som gjekk vidare til finalene. Magni kjempa godt i sin kvart, men ende med å ikkje komme vidare. Håvard hadde ein god dag, og gjekk heile vegen til finalen, det var ein finale som han var med å sette preg på, og han ende opp på ein 6 plass.

.

Laurdagens distanse fult opp med det samme føret, noko som gjorde at dei fleste gjekk på samme ski som dagen før. Vegrad Hamnes starta tidlig, og gjekk eit bra løp som gjorde at han fekk nokon minuttar i leder stolen før dei beste kom. Andreas, Marcos og Vegard Ek Hagen gjorde også ein god innsats på vanskeleg føre. Dagens mann frå Lillehammer Skiklub blei Martin Løvstrøm Nyeget med ein meget sterk 5 plass, der han blanda seg inn med landslagsgutta. Håvard leverte også noko av sine bedre klassisk distanse løp med ein sterk 13 plass. I dame klassen blei det ein 18 plass på Magni Smedås og Marthe Bjørnsgaard på ein 24 plass. Etter to dagar med vanskeleg føre var alle veldig nøgd med å pakke vekk klassisk skiene og konsentrere seg berre om glid!

Søndags renn hadde Vegard Hamens igjen eit tidlig start nummer og gjekk eit godt løp aleine i front. Dette ende opp igjen i leder stolen og betre plassering enn dei to føregåande dagane. Etter eit år med sjukdom var dette oppløftande. Marcos gjekk også eit godt renn, med ein god gjennomføring. Men dagens mann og kvinne blei Magni Smedås med sitt livs renn og går seg inn til ein 5 plass, berre minuttet bak Therese Johaug. Martin følger opp dagen før, og går inn til ein kjempesterk andre plass. Dette blei ein super start, på sesongen for alle løparene frå LSK.

 

 

I skrivande stund er det berre er det 2 dag igjen, før turen går til Gålå og sesongen første NC. I etterkant av dette venter også eit uttakt til World cup på Lillehammer, der me håper å sjå fleire løpere frå Lillehammer Skiklub.