Korona og skirenn, kva skjer?

Korona og skirenn, kva skjer?

Det nærme seg starten på den lokale skisesongen, og som alt anna er det litt usikkerhet til korleis dette blir med dagens situasjon i samfunnet. Men under finner ein oppsummering på kva me veit no, og korleis me skal forhold oss til de som kjem.

Terminlisten for dei ulike skirenna, og kva renn som høyre til i dei ulike cupene til Oppland Skikrets finner du her. Det er denne lista som gjer oss utgangspunktet for rennsesongen. Frem til at det kjem noko anna informasjon frå Oppland Skikrets eller frå arrangøren, vil renna gå som planlagt men med tilpassinger i forhold til dei gjeldene smittevernsreglene.

Merk at på grunn av smittevernsregler så er det enkelte ting som er viktig å sjekke i år:

  • Påmeldingsfristen kan være tidligere enn vanlig, på grunn av at arrangøren trenger lengre tid for å organisere
  • Det kan være andre regler i forhold til etterpåmelding.
  • Enkelte renn setter ein grense på antall deltakere, så det kan lønne seg å være tidlig ute. Sjølv om du er frå Innlandet, er det fortsatt ikkje sikkert at det er plass i kohorten viss du melde deg på den dagen påmeldingsfristen går ut.
  • Skiforbundet har gjort begrensinger i forhold til at dei fleste renn rundt i år er kretsrenn. Dette vil sei at er eit renn eit kretsrenn, vill arrangør kunne fjerne ein løper frå startlista som ikkje er frå den kretsen renn blir arrangert i. Oppland og Hedemark Skikrets har eit godt samarbeid, så mellom dei to kretsene er det inngått eit samarbeid som gjer at dette ikkje vil gjelde for ein løper frå Oppland Skikrets som vil gå skirenn i Hedemark.

Til tross for at skiforbundet har ein del regler som gjelder for gjennomføringen av skirenn, så er det kommunelegen i dei enkelte kommunene som bestemmer til slutt, om det kan gjennomføres skirenn i den enkelte kommune.

Siden NC junior og Hovedlandsrennet er blitt avlyst har Oppland Skikrets og Hedemark skikrets slått seg sammen og laga to cuper, ein for junior og ein for 15/16 år. Denne kommer i tillegg til dei vanlige kretsrenn. All informasjon om denne cupen finner ein her

Det blir også i år Swix-karusell, som kveldsrenn på Birkebeineren Skistadion, informasjon om denne finner ein her


Sommarferie for adminstasjonen

Fra og med i dag og ut heile juli, vil administrasjonen ha ferie. Dette betyr også at kontoret på Idrettenshus er stengt i samme periode.

Viss det haster ta kontakt med administrasjonen på enten e-post eller SMS.

God sommar til alle våre medlemmer!


Sommartrening

Sommartrening

Nytt av sesongen, så har eg laga eit rammeprogram for sommartreningen. Dette er eit forslag til ulike økter, som ein kan gjere i løpet av sommaren. Eg veit at mange av dekan driver med andre aktivitet, så det er viktig å tilpasse dette. I programmet står det intervall på tirsdag, men skal du ha intervall på sykkeltrening på mandag eller onsdag så har du gjort intervaller 1 av to intervaller den veka. Deltar ein på konkurranser, så vil dette sei at du har gjennomført 1 av hardøktane for den veka.

Viss du driver med veldig mange andre aktivister og skal velje 1 økt frå programmet, så er det rulleski ein skal prioritere.

 

Rammeprogram sommar

Lurar du på noko ta kontakt med meg på

petter@lillehammerskiklub.no

 


Årsmøte for Lillehammer Skiklub 2020 - 16.juni

Årsmøte i Lillehammer Skiklub vil bli avholdt den 16. juni klokka 18.00 på Birkebeineren Hotell.

På grunn av Corona-situasjonen, vil det vær nødvendig med påmelding. Dette gjøres til stine@lillehammerskiklub.no eller 990 97 881.

Alle årsmøtedokumenter finner du i menyen til høyre.


Første fellestrening junior og senior

Første fellestrening for junior og senior

Første fellestrening blir torsdag 7 mai. Me møtes med gamle målhus klokka 18.00, på Birken.

Det vil bli ein morsom alternativ løpsintervall, som det treng litt forbredelsar til. Anbefaller å gjere seg litt kjent med Lillehammer Skiklub, i tillegg må ein ha med seg pen og papir(som det er mogleg å løpe med).


Bestilling av Sommertøy frå Swix

Bestilling av Sommertøy frå Swix

Det er no mogligheit til å bestille sommer tøyet frå Swix. Det er oppretta to nettbutikker som ein ser under. Ein retta mot langrenn og ein retta mot alpint/freeski.

Bestilling gjer ein gjennom å logge inn her, og bruke brukenamn og passord som er beskrevet på bildene under.

Frist for bestilling er 23.59 den 13 april. Leveringstid vil være ca. 5 veker.

Me vil sende ut informasjon når klærne er klare til henting hos Sport 1 Lillehammer


Utsalg av funksjonær jakker til kroner 400 kr

Utsalg av funksjonær jakker til kroner 400 kr

I dag skulle NM veka vert i godt i gang og det skulle vert øvinger i Hafjell, på Birkebeineren Skistadion, hoppbakken og i Kanthaugen. Men no blei det ikkje slik denne gangen på grunn av Corona viruset. Dette gjer at me sitter igjen med ca. 200 funksjonær jakker, no vill alle sammen få moglegheit til å kjøpe denne jakke 400 kroner.

Dette er ein Dynamic down jaket, som du kan sjå meir info om her.

Betaling og bestilling gjer du via Vippsnummeret 592438. Her ligger det ein komplett oversikt over tilgjengelige størrelser.

Etter at dei som hadde meldt seg til funksjoner, har fått kjøpe jakkene den foregående veka. Så er det berre følgende størrelser igjen.

  • Herre XXL
  • Herre XL
  • Herre L
  • Herre M
  • Dame L

Ved kjøp av jakka vil du være med å begrense det økonomiske tapet til Lillehammer Skiklub etter det avlyste NM. Og dermed være med å sikre at me kan drive aktivitet for barn og ungdom i tida framover.

Det vil ikkje være mogleg å hente kjøpte jakker før den 15 april.


NM Lotteriet

NM Lotteriet

Tradisjonen tru skulle det under NM denne veka blitt delt ut trykk av det offisielle NM-maleriet i premier. Orginalen og tre trykk skulle bli delt ut til heldige vinnere i lotteriet. Når NM no blei avlyst, så blir trekningen utsatt til nærmare sommaren.

Søk opp Vipps nummeret 592438

50 kroner per lodd

Me håper at fleire vil være med å støtte klubben med å kjøpe lodd i lotteriet.

Les meir om lotteriet her

 


Ein litt tidlig sesong oppsummering

Ein litt tidlig sesong oppsummering

Å oppsummere langrenns sesongen før Birken-lørdagen, er litt for tidlig. Men slik situasjonen med Corona-viruset raskt utvikla seg, var avlysningen av siste del av sesongen det einaste rette. Eg skal prøve å formulere ein oppsummering av det som kan sies å være ein veldig god langrennssesong for Lillehammer Skiklub, så blir blir det litt anna type lesestoff for oss alle!

PS: Heilt nederst finner du bilder

Samling på Voss:

Første skikkelig samling for sesongen er alltid rett etter at skulene har tatt feire, og denne gongen gjekk turen til Voss. Underteiknende skulle endelig få vist fram bygde si for alle juniorane og seniorene i klubben og som alltid vist Voss seg fram frå sin beste side. Sjølv med litt regn;) Me fekk ei god treningsveka, der alle sammen la ned ein solid trenings jobb. Samt at det gav ekstra inspirasjon for mange, med nytt treningsterreng og nye bekjentskap med utøvere frå Voss. Sosialt blei også samlinga eit høgdepunkt, med ein kjempe plass å bu i Voss Ski og Tursenter. Reidun Karlsen sin fantastiske matlaging, toppa ein allerede vellykka samling. Siste kveld på samlinga var det ein meget triveleg pizza kveld heime hos Petter.

Kantentesten:

Kantentesten er etter midt syn noko av det mest klassisk ein langrennsløper gjennomføre på Lillehammer. Denne går frå Eidsiva sin kraftstasjon på oversiden av sentrum og opp til ferista på Kanten Kro. Nytt av året var at ein samla alle utøvere frå 13 år og opp til senior på ein felles test dag. Det blei 54 utøvere som alle gjorde ein kjem innsats, det var flest spørsmål om å kunne springe igjen etter testen var ferdig.

Miljøsamling:

Det å kunne samle heile klubben for å trene og være i lag over ein heile dag er eit meget viktig, for å kunne skap ein størst mogleg tilhørighet i klubben. Etter fleire år uten den tradisjonelle Miljøsamlinga var denne no tilbake. Klubben samla seg på Gaiastova tidlig i november, for skitrening og sosialt samvær. Først økt hadde juniorane og seniorene fått ansvar for å være trenere for dei yngste gruppene. Etter lunsj hadde gruppene frå 11 år og oppover trening med sine respektive trene. Ein veldig flott dag, som me kjem til å gjenta til neste års forvinter.

Den første felles økta på ski

Eg har sett igjennom planen, og ser at den første planlagte skiøkta var 12 november. Tidspunktet var ikkje hovedpoenget men, men den gode stemningen og gleden over det å være på ski igjen. Alle har gleda seg til denne dagen, utøvere har gått på rulleski og løpt siden mai og trenger ny motivasjon. Då er den første økta på ski, sårt etterlengta. Alle dei foreldra som ikkje har smurt ski, får endelig tatt turen i smøreboden sin igjen! Denne økta er aldri særlig god, men det spiller ikkje den store rollen. Ein kjem langt med stemningen og gleden med å være på ski igjen. For det kjem så mange gode økter seinere på vinteren.

Beitosprinten:

Når du er ein del av langrennsmiljøet, er det å komme til Beitostølen den verklige markeringa på at ein i gang med sesongstarten. Beitostølen er meir enn berre sesongs første skirenn, det er stemningen, nervøsiteten, det å sjå alle i langrenns Norge igjen som ein ikkje har sett siden NM del 2 året før. Årets Beitosprint blei spesiell med eit utfordrende nullføre, og ein måtte ta i bruk rubbskiene. Så alle smørene kom ganske raskt ut av sommerdvalen når det blei slike forhold. Eg ser allerede fram til neste år og sette meg i bilen og ta turen til Beitostølen.

Team Veidekke gjengen

I år har våre fire beste senior utøvere vert samla på Team Veidekke Innlandet. Dette sett ut til å fungere veldig godt for Magni, Marthe, Håvard og Martin, som alle sammen har levert veldig sterke resultater. For å nemne noko:

  • Alle sammen har gått verdens cup i løpet av sesongen.
  • Det har vert topp 10 plasseringer på alle sammen i Scandinavisk Cup
  • Håvard og Martin har begge tatt sine første pallplasser i verdenscupen
  • Magni har vert topp 10 i verdenscupen i Davos
  • 2 NM medaljer

Og dette er berre ein liten oppsummering av deira fantastiske sesong.

Arne Rustadstuens Minneløp

Som dei siste år blei Arne Rustadstuens Minneløp i år arrangert i desember. I år med ein ny vri, der ein hadde Swix karusellen for dei aller minste før sjølv kretsrennet starta. Dette førte til eit veldig fint arrangment, som strakk seg frå dei aller minst til rutinerte senior utøvere som brukte de som eit viktig oppkjøring mot resten av sesongen. Dette skal ein gjenta neste år!

NM på ski

Som Beitostølen er dei ulike NM på ski eit verklig samlingspunkt for langrenns Norge. Det som ein sitter igjen med frå årets NM er 2 individuelle NM medaljer. Samt eit meget etterlengta sølv til Vegard Hamnes, Martin Løvstrøm Nyenget og Håvard Solås Taugbøl på stafetten. Dette er for meg sesongens store høgdepunkt, etter å ikkje tatt medalje siden Lygna 2017 gjorde gutta ein kjempejobb og fekk tatt sølvmedaljen i sterk konkurranse med mange sterke lag.

Tirsdager på Birkebeineren Skistadion

På tirsdager nesten alle langrennsløpere trening samtidig, så til tider har det vert kø inn til parkeringsplassene på Birkebeineren Skistadion. Det er ingenting som gleder ein Sportssjef meir enn de, for som målet våret er gje «mange glade skiløpere». Takk til alle som gjer dette mogleg, me kunne aldri klart å aktivers så mange barn og unge uten dei fantastiske personen som gjer dette mogleg.

Mykje triveleg folk

Som ansatt i Lillehammer Skiklub har eg med veldig mykje trivelege folk å gjere. Denne sesongen har ikkje vert eit unntak for de! Det har vert trivelege måltider på ulike plasser på reiser og på samlinger. Det har vert lange dager ute i løypa på sekundering, i triveleg lag med trener kollegaer frå andre klubber og team. Og sist men ikkje minst alle dei vanlige treningsdagen med utøveren, som gjer det å være trenar til å være ein veldig givende jobb.

Takk for ein kjempefin sesong alle sammen! Eg ser fram neste sesong allerede

Petter


Testløp i NM løypene for 5/10 km lørdag 7 mars

Testløp i NM løypene for 5/10 km lørdag 7 mars

Me kjøre eit testløp i NM løypene som skal benyttes ut fredagens konkuranser.

Start blir på World Cup stadion, første start blir 10:30. Startnummerutdeling frå 10.00

Damer går 5 km

Herrer går 10 km

Påmelding gjer ein her innen fredag klokka 14:00

Startliste

For meir informasjon følg med her.